Tilbake til forsiden
Language:
Lysefjorden rundt. Er du verkeleg sprek kan du no sjølv erobra heile Lysefjorden ved å gå Stavanger Turistforening sitt løypenett "Lysefjorden rundt".

Lysefjorden rundt

Vi vil her gje eit forslag til etappar.
Desse kan tas samanhengande i 10 dagar, eller splittast opp alt etter kor mange dagar du har til rådvelde.

 

Etappe 1: Botneveien - Preikestolhytta

Turen gjeng gjennom kupert skogsterreng med enkelte åpne partiar. Unn deg gjerne ein avstikkar til 406 meter høge Hatten.
Du kjem til utgangspunktet for turen med buss/bil til P-plass ved Heiatjørna på Rv 13, eller om du ynskjer å gå motsatt veg: bil/buss til P-plass ved Preikestolhytta.
Overnatting: Preikestolhytta (betjent).
Løypelengde 7 km.
Kart: Høle 1212 I

 

Etappe 2: Preikestolhytta - Bratteli

Turen gjeng gjennom variert skogsterreng med fleire vakre vatn og enkelte utsiktspunkter. Det er ein bratt nedstigning til fjorden ved Midtre Bratteli. Om du skal vidare og overnatte på Bakken gard treng du ikkje gå heilt ned til fjorden her.
Adkomst via rutebåt til Bratteli eller buss/bil til Preikestolhytta.
Overnatting: Løa på Bakken gard (ubetjent). 
Løypelengde: 11 km.
Kart: Lyngsvatn 1313 III, Høle 1212 I

Etappe 3: Bratteli - Songesand

Turen gjeng gjennom kupert skogsterreng med fjordutsyn. Enkelte ulendte partiar i ur og skråbakkar. Turen gjeng delvis nede ved fjorden og via nedlagte gardar på Midtre Bratteli, Myra og Bakken.
Adkomst med rutebåt til Bratteli eller med bil/rutebåt til Songesand.
Løypelengde 6 km.
Overnatting: For overnatting treng du å fullføre etappe 4 og. Her finn du Songedal gard (ubetjent). Åpen til 1.9.
Kart: Lyngsvatn 1313 III

 

Etappe 4: Songesand - Songedal

Turen gjeng langs beilveg til Helmikstøl. Derfra på traktorveg langs kraftlinjestrekk til Songedal gard. Lett, skogkledd terreng langs vakker elv.
Adkomst med bil eller båt til Songesand.
Overnatting: Songedal gard (ubetjent). Åpen til 1.9.
Løypelengde 8 km.
Kart: Lyngsvatn 1313 III


Etappe 5: Songedal - Lysebotn (NB: LANG ETAPPE)

Turen gjeng gjennom fleire idylliske partier sjølv om løypa gjeng langs kraftlinjer og dels på veg.
Adkomst med bil eller båt til Songesand/Hellmikstøl. Det er eventuelt mogeleg å bestilla taxi til enden av anleggsvegen som kjem frå Lysebotn.
Overnatting i Lysebotn: Kjerag Lysebotn Camping (utsal av enkel turproviant), Hauan Bed & Breakfast
Løypelengde 26 km. (Kontakt Stavanger Turistforening for meir informasjon om mogelegheit for å dela opp etappa, då det er planlagt ny hytte på denne etappa frå sommaren 2006)
Kart: Lyngsvatn 1313 III, Lysekammen 1313 II


Etappe 6: Lysebotn - Øygardstølen - Langavatn

Turen opp den bratte lia frå Lysebotn til Øygardsstølen kan kuttast ved å bestille taxi frå Lysebotn. Frå Øygardsstølen er det ein krevjande oppstigning til sjølve Kjeragplatået. Deretter åpent og lett terreng. Praktfull utsikt frå 1000 meter høge Kjerag.
Adkomst med båt, bil eller buss til Lysebotn, og vidare til P-plass ved Øygardstølen. Alternativt med bil/buss via Sirdal til P-plass på Øygardsstølen.
Overnatting: Langavatn turisthytte (sjølvbetjent).
Løypelengde 15 km. frå Øygardsstølen. (19 km frå sjølve Lysebotn, bratt stigning dei fyrste 4 km)
Kart: Lysekammen 1313 II


Etappe 7: Langavatn - Flørli

Turen gjeng gjennom variert høgfjellsterreng med frodige partiar, storsteinet morene og karrig steinhei. Bratt stølsvei eller 4444 trappetrinn til eller frå Flørli.
Adkomst med rutebåt til/frå Flørli.
Overnatting: Flørli turisthytte (ubetjent), Flørlistølen (ubetjent, må avtalast på førehand).
Kafè i den gamle kraftstasjonen til medio august, utsal av enkel turproviant.
Løypelengde 21 km.
Kart: Turkart Frafjord- Bjerkreimsheiane.


Etappe 8: Flørli - Vinddalen

Bratt terreng til eller frå Flørli, deretter gjeng turen i "snilt" terreng med noko lauvskog. Delvis på sti bygd av svenske anleggsslusker.
Adkomst med rutebåt til/frå Flørli, eller med bil til P-plass i Vinddalen.
Overnatting: Flørli turisthytte (ubetjent), Flørlistølen (ubetjent, må avtalast på førehand).  Ingen overnatting i Vinddalen.
Løypelengde 16 km.
Kart: Turkart Frafjord - Bjerkreimsheiane.


Etappe 9: Vinddalen - Skrøylå

Bratt oppstigning frå Vinddalen, deretter småkupert åpent terreng. Flott utsikt til Preikestolen og Lysefjorden. Traktorveg mellom Rundavatn og Skrøylå. 
Adkomst med bil til P-plass i Vinddalen eller Skrøylå.
Overnatting: Ingen overnatting i Vinddalen eller Skrøylå.
Løypelengde 11 km.
Kart: Turkart Frafjord - Bjerkreimsheiane.


Etappe 10: Skrøylå - Landa

Stien gjeng langs bilveg gjennom vakre Eiadalen, deretter på sti i skogsterreng langs Eiavatn til Haukali. Frå Haukali til Landa fylgjer løypa bilveg.
Adkomst med bil til Fortidslandbyen Landa eller p-plass på Skrøylå. 
Overnatting: Sjå under overnatting i Forsand.
Løypelengde 18 km.
Kart: Høle 1212 I