Tilbake til forsiden
Language:

Lysefjorden ligg i umiddelbar nærleik til oljehovudstaden Stavanger. Det er den nærmaste fjorden mot resten av Europa. Lysefjorden er meisla ut og forma av isbreane under istidene. I denne brutale fjellheimen har menneska klort seg fast i bakkane og fjellsidene i mange tusen år. Mange stader kan du sjå spor etter menneskeleg aktivitet og erobring av den ville naturen. Bli med på erobringa av den ville naturen som aktiv deltakar. Preikestolen og Kjerag er internasjonalt kjende turistmål og blir besøkt av fleire hundre tusen kvart år. Lysefjorden byr på mykje anna. Spennande fjordcruise, overnattingsstader og ikkje minst fortidslandsbyen Landa Park. Verdas lengste tretrapp med 4444 trinn i Flørli seiler no opp som ein stor turist attraksjon som dei spreke bør bryne sine krefter på. Er du verkeleg sprek kan du gå rundt heile fjorden langs Stavanger Turistforening sitt løypenett "Lysefjorden rundt". Sentrum for ekstremsport finn du innerst i fjorden i Lysebotn. Kommunesenteret Forsand og ferjestaden Oanes ligg ved inngangen til Lysefjorden.