HEIM  |
VEGEN HIT  |
KONTAKT  
 
Du er her: TURISTMÅL Flørli

Flørli kraftstasjon

Frå kraft til kultur

 

Flørli kraftstasjon ligg omtrent midt i Lysefjorden. Den tidlegare aktive industri og jordbruksbygda er i dag fråflytta. Mange lag og organisasjonar jobbar i dag aktivt for å skapa nytt liv og vekst i bygda. Lysefjorden Utvikling AS driv i dag kafè, kunstutstilling i kraftstasjonen og overnattingstilbod med totalt 32 sengeplassar.  Det blir også tilbydd gaida turar rundt om i bygda.

 

Når du kjem til Flørli, merker du historisk sus. Staden kan brukast til alle slags turistaktivitetar. Utfordringane står i kø. Du kan klatra opp ei av dei lengste og brattaste trappene i verda, truleg den lengste tretrappa i verda. Bokstaveleg talt kan du prøva deg på verdsrekorden. Heile 4444 trappetrinn eller cirka 1600 meter og ein stigning på nesten 800 meter frå Lysefjorden opp på heia. Når du har fått att pusten, kan også gå turar oppe på heia, klatra, fiska og dykka i fjorden når du kjem tilbake. 

 

 

 

27. juni – 15. august 2010:
Kafé og historiske utstilling i Flørli gamle kraftstasjon, kl 11 – 18 kvar dag.

Utstilling i tekst og bilde om idustrisamfunnet Flørli, Lysefjorden og Pilt-Ola, Ole Olsen Songesand. 

 

 

 

 

Kultur
Kulturelt program sommaren 2010
Les mer>

Transport
Transport til Flørli
Les mer>

Historia
Frå sagbruk til kultur
Les mer>

Natur og kultur i Flørli
Du kan vandra rundt i bygda på eldgamle, bratte stiar og sjå bygningar frå farne tider. Og du kan sjå reine kunstverk som steingardane og dei attgrodde hagane som ein gong krydde av liv og aktivitetar.
Les mer>

Overnatting
Overnatting i Flørli
Les mer>

Opplevelingar i Flørli

Les mer>

Om Flørli
Flørli kraftstasjon
Les mer>