Flørli er eit godt utgangspunkt for kortare eller lengre turar i eit spennande og historierikt landskap. Trappa med sine 4444 trinn - er ein fysisk og krevjande utfordring for dei fleste besøkande. Du kan også klatra i det bratte terrenget. I Flørli kan du også fiska og dykka i fjorden. I løpet av sommaren vil det også vera muligheit for kulturelle opplevingar, som utstillingar og andre hendingar.





