Du kan vandra rundt i bygda på eldgamle, bratte stiar og sjå bygningar frå farne tider. Og du kan sjå reine kunstverk som steingardane og dei attgrodde hagane som ein gong krydde av liv og aktivitetar.
Du kan oppleva kontrasten mellom den historiske bygda og den til tider stormfulle Lysefjorden. Lytt til den historiske susen og fantaser om livet i farne tider. Vil du spasera ein liten tur ut av bygda, kan du følgja den steinsette stien ut mot neset. Der var dynamittlageret plassert.
Prøv fiskelykka frå kaien og kanskje får du napp. Til slutt kan du også gå på kjærleiksstien og sjå sola gå ned i vest.





