Frå sagbruk til kultur
På Flørli har folk budd heilt sidan middelalderen. Truleg har sagbruket i Flørliånå skapt grunnlaget for gardsdrift og busetting. Lysefjorden har opplevd mange dramatiske hendingar sidan fjorden blei omskapt etter den siste istida. Eit av desse drama ramma Flørli i 1708. Eit stort jordras reiv med seg store delar av bygda. Nesten 100 år tok det før Flørli på nytt blei eigen gard. Gardsdrifta starta på nytt, men etter nye 100 år starta kraftutbygging og industrieventyret.
Den industrielle revolusjonen hadde kome til bygda. Kraftverket stod ferdig rett før den første verdskrigen i 1917. Eit lite industrisamfunn vaks fram. Nærmare 200 personar med stort og smått gjekk på skule, stelte i hus og heim eller arbeidde i den nye industrien. Men teknologiseringa av kraftindustrien gjorde etterkvart arbeidskrafta overflødig. Fråflyttinga starta. Først blei posten nedlagt i 1970 og deretter skulen i 1981. Rett før tusenårsskiftet skjedde den siste teknologiseringa. Den siste personen forsvann ut fjorden. Den tidlegare industribygda låg aude etter 100 år med liv og aktivitetar.
Men bygda er i ferd med å vakna til nytt liv. Mykje dugnadsarbeid er lagt ned for å skapa nytt liv att. Nye aktivitetar er i ferd med å bli skapte og mange interesserte personar har idear for framtida.
Lysefjorden Utvikling AS har ansvaret for kafeen, utstillingar og overnatting. Flørlis venner planlegg andre arrangement.





