HEIM  |
VEGEN HIT  |
KONTAKT  
 
Du er her: TURISTMÅL Flørli

Om Flørli

Flørli kraftstasjon

starten på industrieventyret

 

I dag bur det berre ein person fast i den tidlegare kraftbygda.

Den nye kraftstasjonen frå 1999 er bygd inn i fjellet og blir fjernstyrt frå Lysebotn. Turistane og eldsjeler som ønskjer å skapa liv og røre har tatt over bygda. Mange av husa blir nå restaurerte. Kraftstasjonen er forresten litt av eit syn, nærmast monumental der han står og vitnar om industrieventyret i Flørli frå farne tider. Bygningen er 80 meter lang og 9 meter brei og 12 meter høg. Langs røyra frå magasina og opp til toppen på heia blei trappa med dei 4444 trinn bygde som visstnok skal vera verdsrekord.