Tilbake til forsiden
Language:
Reiseinformasjon. Lysefjorden er den første større fjorden i Fjord Norge regionen. Fjorden ligg strategisk godt plassert i umiddelbar nærleik til Stavanger som er eit trafikknutepunkt med blant anna fergetrafikk frå kontinentet, jernbane og Sola Internasjonale flyplass.

Reiseinformasjon

Lysefjorden ligg i Ryfylke i Rogaland, med Stavanger som næraste storby. Fjorden er 42 kilometer lang og 422 meter på det djupaste.

Ønsker du kollektive løysningar eller kjem du med bil ? Stavanger er ein naturleg innfallsport for mange, men kjem du frå Austlandet eller frå Bergensområdet er det andre meir naturlege innfallsportar. Vi vil her prøve å gi best mogleg informasjon om korleis du finn fram til Lysefjorden og alt det du kan oppleve her.

 

Fjordhopping

Dette tilbodet er nå sett på vent.

 

Turistbilferja

Ein guida tur med turistferga på den 42 km lange Lysefjorden er den maksimale fjordopplevinga. Turen er fylt med opplevingar som Preikestolen, Fantahåla, fossar, geiter, selar, idylliske holmar og storslått natur.

Ferja har to rundturar med endepunkt Lauvvik og Lysebotn i sommarsesongen. For 2017 går ferja frå og med 9. juni til og med 17. september. Ta med eigen bil eller reis kollektivt.

Informasjon om ruter, prisar, booking, m.m. på: www.thefjords.no

 

Lysefjorden - Fjord og fjell

I sesongen 14.06.-18.08. blir det tilbydd ein rundtur med bussavgang frå Fiskepirterminalen i Stavanger kl 0730 via Sirdal til Lysebotn, med ferjeavgang (Turistferja) kl 1200 og buss tilbake til Stavanger, via Lauvvik.

Meir informasjon på: www.tide.no