Tilbake til forsiden
Language:
Fottur til Preikestolen. Over 150 000 besøkte Preikestolen i 2010. Ingen andre stader i landet går så mange så langt for å oppleva ekte norsk natur.

Fottur til Preikestolen

Mange opplever turen til Preikstolen som høgdepunktet på sitt Norgesbesøk, for Preikestolen ligg 600 meter over havet. Kjem du til Stavanger med tog, fly eller bur du i Stavanger, er det gode muligheter for å reise kollektivt til utgangspunktet for turen.

To busselskap tar deg med buss til Preikestolen frå Stavanger, Tau og Jørpeland.

Ruteinformasjon, billettar,m.m.: www.boreal.no,  www.fiskepirterminalen.com


Du må ta utfordringa med 300 meter med stigning, klatring gjennom eit par urer og svimlande stup, men elles opplever du ein turistvennleg sti. Og ikkje gløym skikkelege sko. Du bør reknae4-5 timar tur/retur på turen i vanleg tempo og bruka god tid på Preikestolen. Frå Preikestolen har du ein eventyrleg utsikt over fjellheimen i Ryfylke som er Norge i miniatyr. Du ser utover Lyseheiane og Frafjordheiane, ja, heile Lysefjorden like inn til Lysebotn langt mot aust.