Tilbake til forsiden
Language:

Frå Stavanger

Reiseinformasjon frå Stavanger

Til Preikestolen og munningen til Lysefjorden.

Frå Stavanger tar du ferga til Tau (45 minutt). Frå Tau er det 2 mil til Preiketolen Parkering og ca. 2,5 mil til Forsand som ligg ved munninga til Lysefjorden. På parkeringsplassområdet er det toalett, informasjon og matservering. Her ligg også Preikestolen Fjellstue. Det er ikkje toalett undervegs.

Du kan også kjøre E39 til Sandnes, følg deretter rv. 13 til Lauvvik. Ta turistferga fra Lauvvik til Lysebotn, eller bilfergafra Lauvvik til Oanes (10 min). Frå Oanes er det ca. 1,5 mil til Preikestolen Parkering.

 

Til Kjerag eller Lysebotn

Ta turistfergen fra Lauvvik til Lysebotn eller kjør frå Stavanger via E39 til Gjestdal, Hunnedalen, Sirdalen, kjør over den berømte Lysebotnveien til fjellrestauranten Øygardstøl der fotturen startar (14 mil).

På parkeringsplassområdet er det toalett, informasjon og matservering i sesongen. Det er ikkje toalett undervegs. På returen vil vi anbefale å kjøre ned hårnålsvingane til Lysebotn og ta ferja frå Lysebotn ut igjen.