Mange opplever turen til Preikstolen som høgdepunktet på sitt Norgesbesøk, for Preikestolen ligg 600 meter over havet. Kjem du til Stavanger med Tog, fly eller bur du i Stavanger er det gode muligheitar for å reisa kollektivt til utgangspunktet for turen.
To busselskaper tar deg med buss til Preikestolen frå Stavanger, Tau og Jørpeland.
For rutene til Veolia sjå her
Tide buss kjører kvar dag i tidsrommet frå 18.05.-18.09. Laurdag/sundag 02.04 - 16.05. og 23.09. - 25.09.
Begge selskapa selger billett som inkluderar buss og båt.
Du må ta utfordringa med 300 meter med stigning, klatring gjennom eit par urer og svimlande stup, men elles opplever du ein turistvennleg sti. Og ikkje gløym skikkelege sko. Du bør berekna 4-5 timar på turen i vanleg tempo og bruka god tid på Preikestolen. Frå Preikestolen har du ein eventyrleg utsikt over fjellheimen i Ryfylke som er Norge i miniatyr. Du ser utover Lyseheiane, og Frafjordheiane, heile Lysefjorden heilt inn til Lysebotnen langt mot aust.