Turen til Preikestolen har ein stigning på 330 meter og du vil gå i ei løype som varier frå preparert sti over myrar, til naturleg skogsbotn, gjennom eit par tøffe steinrøyser og over knallhard Lysefjordgranitt. Du må treng 4 - 6 timar på turen. Turen startar ved parkingsanlegget ved Preikestolen fjellstue. Her er det parkeringsavgift på kr. 100 pr. bil. Avgifta går til opprusting av sti, parkering, vakthald og anna infrastrutkturbyggin i området. Det er eit servicebygg med toalett og dusj.
Turen til Kjerag hare ein stigning på 600 meter. Turen går opp til dels bratte fjellsidar og gjennom kupert høgfjellsterreng med myrar og idyliske dalar. Turen startar ved parkingsanlegget ved Øygardsstølen. Her er det parkeringsavgift på kr. 100 pr. bil. Avgifta går til opprusting av sti, parkering, vakthald og anna infrastrutkturbyggin i området. Det er eit servicebygg med toalett og dusj.
Hugs gode sko, varme klede og nistepakke.