Flørli har tatt spranget frå å vera ei jordbruksbygd og industribygd til ei kulturbygd på 100 år. I den nye kulturbygda bør du gå i land for å sjå dei dramatiske endringane i bygda. Du får høyra dei utrulege historiene om kraftstasjonen, vassrøyra og dei 4444 trappetrinna langs røyrgatene som skal vera den lengste tretrappa i verda. Frå Flørli kan du også ta turen til fjells, med overnatting og mat med historisk sus og smak. Bygda blei fråflytta i 1999, men nå har folk slått seg ned att i bygda og skaper kulturaktivitetar. Kunstutstilling og kafe i den gamle kraftstasjonen. Overnatting i enkle leiligheitar.
3. juli til den 14. august.
Årets hovedutstillar er atelierfelleskapet Stasjon K frå Sandnes som viser skulptur, grafikk, maleri og tekstilkunst.
Følgande kunstnarar er representert i utstillinga:
Ruth Bersås, Inger Bruun, Liv Eiane, Turid Ottesen, Teresa Puig, Åsa Sjøholm, Frank Åsnes
Andre utstillinger:
Elevar frå Time vidaregåande skole
Science Circus ved Jærmuséet
Miniutstilling om Lysefjorden
Emigrantutstilling
Enkel beverting
Åpen kafé
Tradisjonsmat fra Torvløbakkan Gard
Internetkafé
Opningstider: 4. juli -14. august kl. 10.30-12.30 og 14.30-16.30. Tlf. 988 77 148. Overnatting kan bestillas her.