Tilbake til forsiden
Language:
Flørli. Når du kjem til Flørli, merker du historisk sus. Staden kan brukast til alle slags turistaktivitetar. Utfordringane står i kø. Du kan klatra opp ei av dei lengste og brattaste trappene i verda, truleg den lengste tretrappa i verda.

Flørli

Flørli har tatt spranget frå å vere ei jordbruksbygd og industribygd til ei kulturbygd på 100 år. I den nye kulturbygda bør du gå i land for å sjå dei dramatiske endringane i bygda. Du får høyre dei utrulege historiene om kraftstasjonen, vassrøyra og dei 4444 trappetrinna langs røyrgata, som skal vere den lengste tretrappa i verda. Frå Flørli kan du også ta turen til fjells med overnatting og mat med historisk sus og smak. Bygda blei fråflytta i 1999, men nå har folk slått seg ned att i bygda og skaper kulturaktivitetar. I fleire år har det vore kunstutstilling og kafe i den gamle kraftstasjonen. Overnatting i enkle leiligheiter. 

 

Utstilling i kraftstasjonen - Arbeidarane sitt liv i Flørli

 

Sesongopning 2013 blir søndag 9. juni kl 1500. Då opnar også årets utstilling i Kraftverkshallen:

"Arbeidarane sitt liv i Flørli"

Fylkesordførar Janne Johnsen deltar ved opninga, saman med forsandordførar Ole Tom Guse.

Det vert matservering ved Flørli Mat og Seng.

Rødne set opp egen båt med avgang kl 13.00 frå Stavanger og 13.35 frå Lysefjordsenteret, retur 18.15 frå Flørli. Plass bestilles via Rødne.  Pris: 450 tur/retur.

Det er også muleg å ta vanleg rutegåande båt inn sjå:  www.kolumbus.no

 

 

Servering, overnatting

 

Det blir drive servering/kafé i den gamle kraftverkshallen og det blir laga til frukost i klasserommet i den gamle skulen. Fem leiligheter er tilgjengelege for overnatting.

Kontakt "Flørli Mat og Seng AS" for meir informasjon, og eventuell bestilling:

        Inger Lise Tangen: Tlf. 97786843, e-post  iltangen12@gmail.com

        Marit I. Haddeland: Tlf. 90969470, e-post  post@torvlobakkangard.com

 

2012: Ny gjestebrygge og restaurerte trapper

Frå og med august 2012 er ny gjestebrygge for småbåtar på plass og trappene er då også ferdig restaurerte. Ryfylke Friluftsråd har stått for arbeidet med gjestebrygga og Stavanger Turistforening tar seg av trappeprosjektet.