Her kan du oppleva aktivitetar frå bronsealderen for over 3000 år sidan og fram til vikingtida for 1000 år sidan. Utgravingane og funna frå Landa er unike i Nord-Europa. Fleire av husa er bygde opp att, og du kan delta i mange tusen år gamle aktivitetar. Besøk derfor den levande landsbyen, og ta del i det daglege arbeidet som baking, spinning og skyt med pil og boge. Du kan også ri på hestane og mate dyra.
Landa går ein spanande sesong i møte og husfrua håper at alle tar seg ein tur innom Landsbyen hennar.
Kom og opplev spanande aktivitetar, god mat, fleire foredrag, festival og mykje kjekt.
Ta ei vandring gjennom vår forhistorie, og delta i aktivitetar som gjer deg eit større innblikk. Fire historiske hus viser levesettet i bronsealderen og jernalderen. I tillegg er dei andre husa markert med stolpar i stolpehulla.
Mandag er kviledag på Landa:), men ellers har vi ope kvar dag. I vekdagane vil det vera omvisningar, aktivitetsløype, matservering osv.
På søndagane slår vi på stortromma, då diskar me opp med spanande buffet som med kjøttrettar, fisk, suppe og mykje anna godt tilbehør. Dessertbord er det og. På søndagane har me og eit spanande foredrags- og aktivitetsprogram. Følg med for å få fullstendig program.
Landa ligg 3,5 km frå ferjekaia på Forsand.
Les meir om kva fortidslandsbyen har å by på ved å gå inn på denne nettsida.