Tilbake til forsiden
Language:
Fortidslandsbyen Landa Park. Eit besøk i fortidslandsbyen Landa Park tek deg med på ei historisk reise langt tilbake i tida. Landa er den einaste landsbyen frå forhistorisk tid som er funnen i Norge

Fortidslandsbyen Landa Park

Her kan du oppleva aktivitetar frå bronsealderen for over 3000 år sidan og fram til vikingtida for 1000 år sidan. Utgravingane og funna frå Landa er unike i Nord-Europa. Fleire av husa er bygde opp att, og du kan delta i mange tusen år gamle aktivitetar. Besøk derfor den levande landsbyen, og ta del i det daglege arbeidet som baking, spinning og skyt med pil og boge. Du kan også ri på hestane og mate dyr.

Ta ei vandring gjennom vår forhistorie, og delta i aktivitetar som gjer deg eit større innblikk. Fire historiske hus viser levesettet i bronsealderen og jernalderen. I tillegg er dei andre husa markert med stolpar i stolpehulla. Landa tilbyr også overnatting.

Landa ligg 3,5 km frå ferjekaia på Forsand.

http:www.landapark.no