Tilbake til forsiden
Language:
Kjerag. Kjerag ragar 1084 meter over havet og er høgast av alle toppane i Lysefjorden.

Kjerag

Med 1084 meter ragar Kjerag høgast av alle toppane i Lysefjorden og er den mest ekstreme i flokken. Fjellmassivet har lenge vore mest beundra frå fjorden, men dei seinare åra har det blitt stadig meir populært å ta turstien til sjølve platået. Dei fleste er nøgd med å nyte utsikten over Lysefjorden frå sjølve platået, men for nokre turgåarar er høgdepunktet å bli foreviga på Kjeragbolten, ei rund steinblokk kilt fast i ein fjellsprekk. Kjerag har også blitt eit populært mål for fjellklatrarar og basehopparar.

Kjerag er også imponerande sett frå fjorden, frå ferje eller sightseeingbåt. Kjeragbolten kan du og skimte 1000 m. over deg. Du kan få sjå basehopparar sommarstid.

FOTTUR TIL KJERAG
Fotturen startar frå den avgiftsbelagde parkeringsplassen på Øygardstøl sør for Lysefjorden ved Lysevegen ovafor Lysebotn. Den krevjande løypa går opp og ned fleire ryggar, og har ein høgdeskilnad på 570 m. 

Turen tek 5 timar tur/retur, 10 km
Sesong: Juni - september

Hugs godt fottøy, varme klede og mat. Generell god fysikk er absolutt nødvendig.
Servicebygg som ligg der stien til Kjerag startar, og rommar toalett og turistinformasjon.

Turstien er ein del av Stavanger Turistforening sitt nyleg utbedra løypenett, kor ein no kan gå Lysefjorden rundt. Ein kan kome til Øygardstøl anten med ferje til Lysebotn og bil/taxi vidare til Øygardstøl eller ved å køyre via Sirdalen på vegen til Lysebotn (vinterstengt veg frå ca desember til rundt 20 mai, kontakt Statens vegvesen, tlf. 175).