Tilbake til forsiden
Language:
Kjerag - Dronninga i Lysefjorden. Kjerag er majesteten i Lysefjorden. Over 1000 meter over havet troner ho med bolten sin i enden av eit enorm steinplatå. Det vil seia bolten som eigenleg er ein rund stein, ligg fastkilt på sida av Kjerag i ei sprekke i fjellet.

Kjerag - Dronninga i Lysefjorden

Dei fleste turgåarane nøyer seg nok med å nyta utsikten over Lysefjorden etter å ha røynt lårmusklane på vegen opp til Kjerag. Men er du tøff nok og ikkje har høgdeskrekk, vågar du deg nok ut på bolten. Men hugs at dei du går saman med må finna fram fotoapparatet eller mobilen der du står 1000 meter over Lysefjorden, elles vil ingen tru at du har vore så tøff i ferien.

Løypa krev at du har rimeleg god kondisjon og gode sko og ein skikkeleg nistepakke. For du skal stiga meir enn 600 meter på turstien op til Kjerag med bolten og du skal gå i 5-6 timar. Og ikkje bruk opp heile kondisjonen på veg opp. Du skal ned att også, og då vil du kjenna at du har leggmusklar. Men på Øygardstøl blir det servert mat og så kan du fortelja om kor tøff du var då du stod på Kjeragbolten. Med 1020 meter ragar Kjerag høgast av alle toppane i Lysefjorden.

Informasjon om sesongavgrensa dagleg buss-/ferje tilbod Stavanger - Øygardstøl finn du på:

www.fiskepirterminalen.com