Tilbake til forsiden
Language:
Lysefjorden. Lysefjorden er eit mektig naturfenomen. Den ville og dramatiske fjorden skjer seg 40 kilometer inn mellom stupbratte fjell. Lysefjorden er meislaut og forma av isbreane under istidene. Fjorden blir derfor sett på som eit ekte naturdokument og ei geologisk perle.

Lysefjorden

Preikestolen og Kjerager dei mest berømte fjellformasjonane. Tusenvis av menneske finn vegen hit kvart år. I dette ville landsskapet har folk klort seg fast i bakkaneog i fjellsidene i mange tusen år. Mange stader kan du sjå spor etter menneskeleg aktivitet og erobring av den ville naturen. Det finnest mangeutrulege historier om folket langs fjorden, om Pilt-Ola og om folket på gardane. Nokre av historiene er så eventyrlege at du vil tru du høyrereventyr i staden for fakta. Er du sprek, kan du no sjølv erobra dette området om du ynskjer å gå Stavanger Turistforeining sitt løypenett Lysefjorden rundt. Ved munninga av fjorden ligg kommunesenteret, Forsand og ferjestaden Oanes. Lysebotn heilt inne i botnen av fjorden er i dei siste åra seinare
blitt sentrum for ekstremsport.