Preikestolen er blant dei mest kjende turistmåla i landet. Over 120 000 turistar tar turen til Preikestolen kvart år. Ingen andre stader i landet går så mange så langt for å få oppleva ekte, storslått fjord- og fjellnatur.
For å koma til Preikestolen må du ta ferje frå Stavanger eller Lauvvik og køyra eller ta buss frå Tau. Ei merka løype startar frå Preikstolhytta. Du treng 4-6 timar fram og tilbake. Turen har 330 m stigning. Du vil gå i ei løype som varierer frå preparert sti over myrar, til naturleg skogbotn, og gjennom eit par tøffe steinrøyser og over knallhard Lysefjordgranitt. Frå Preikestolen har du ei utruleg utsikt over Lysefjorden og fjellheimen. Hugs gode sko, varme klede og nistepakke.