Kommunen er langstrakt og er ein blanding av fjell, dalar og fjordar. Det bur flest folk på Forsand som er kommunesenteret. Elles er det spredt busetnad frå Helle og oppover Espedalen. På andre sida av Lysefjorden er det spredt busetnad både langs fjorden og langs rv 13 frå Oanes til kommunegrensa.
Naturen har frå tidlegare tider vore det naturlege næringsgrunnlaget - ved fiske i fjorden, jordbruk på slettene og oppover dalane naturalhushaldning knytta til jakt, jordbruk og innlandsfiske. I dag er næringslivet knytta vesentleg til jordbruk, sanduttak, havbruk, reiseliv og ulike mindre bedrifter.
På Fossanmoen har det vore gjennomført store arkeologiske utgravingar. I løpet av ein 10 års periode fann dei ei rekkje spor etter tidlegare busetjing frå bronsealder (1800 f. Kr.), jernalder og fram til folkevandringstid (slutt rundt 600 e. Kr.).
Basert på funna er Fortidslandsbyen Landa gjenreist. På Landa er det rekonstruert tre bygningar som representerer bronsealder, jarnalder og folkevandringstida. Den største busetjingsperioden var i folkevandringstida då det var rundt 250 menneske busette på moen og dei hadde til saman opptil 400 husdyr.