Tilbake til forsiden
Language:
Lysebotn. Frå jordbruk og kraft til ekstremsport

Lysebotn

Heilt i botnen av Lysefjorden møter me bygda Lysebotn, på ei slette omkransa av høge og bratte fjell. Den tidlegare aktive jordbruksbygda og industribygda er nå i full fart mot status som turistmagnet. Nå strøymer turistane til i stadig større mengder. Både våghalsar og vanlege turistar.

 

 

Bygda er stort sett fråflytta og husa blir brukte som feriehus. På campingplassen diskuterer basehopparane hoppa sine. Fjellklatrarane pakkar sekkene sine og rustar seg til kamp mot tyngdekrafta og eigne svakheiter i dei stupbratte veggane i Kjerag. På ferjekaien ventar mange turistar frå alle verdshjørne. Alle ser dei med forventning fram til møtet med ekte, dramatisk og storslått norsk natur.